![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEijkSxt9lkTw4leQSVZZkhWTrMGGJUOig7Hw74x9zf6V1A4WovSKtHPc1cskoQi4w-UFyi0Ps23lBECtaenXe0AchPI1Il7s2_0rlF8E8JrcPz4z3yRJU-wCn40cL0DNmxo95wvorwcdYKT/s400/_MG_6445.jpg)
Kva skjer når tre Bjerkely elevar går på handletur i Saigon? Jo, dei blir intervjua av Ho Chi Ming City Televison. Ikkje alle, berre dei som snakkar skikkeleg norsk-engelsk, slike som meg!
For i Vietnam har dei nemlig engelskprogram på TV for læra opp alle vietnamesiske born i god, skikkelig engelsk. Problemet i dette er at viss dei berre høyrer engelsk frå folk som kan det, ja da skjønner dei ikkje slike som meg. Engelsk er jo så mye rart. Dette var det mannen som forklarte det for meg sa, ikkje presist, men det var det han meinte. Derfor plasserte han meg, ein enkel jærbu med få erfaringar ifrå TV, framfor eit kamera. Der sto eg, klar til å sei engelske ord framfor millionar av små vietnamesiske born. Ikkje direkte sjølvsagt , men sjansen for at dei faktisk brukar opptaket er der.
Eg må jo faktisk innrømma at det var ikkje meg dei spurte fyrst, men vår eiga lille bergensar som heitar Emma. Ho derimot, takka nei, kvifor veit eg ikkje. Kven vil vel ikkje vera med på å læra opp små born i eksotiske land? Dette får vi nok aldri veta, for at etter eg hadde sagt orda mina som sto på eit ark til kameraet mista dei plutseleg interessa for oss.
Eg gjekk derimot ikkje derifrå tomhendt, for eg fekk jo ei lita eske av mannen med clipboardet med dei engelske orda. Det viste seg til liten overrasking at inne i eska låg ein pen. Men eg var like glad, kven andre er det vell som har ein pen ifrå HTV. Dermed gjekk eg Emma og Eva Kristine (som ikkje blei spurt) vekk ifrå tv-teamet i det håp om at eg snart ville ha ein egen fan klubb. I alle fall håpa eg på det og håpar det eigentleg ennå.

2 kommentarer:
Hei Tore!
Ja, ja -kanskje du kjem på TV i Vietnam! Det var no kjekt å sjå deg og lesa det du hadde skrive. Håpar de får fine dagar også resten av turen.
Mamma Myrstad
Jaja Tore, du har blitt stor TV-kjendis ser eg .... Det duger jo det og
Legg inn en kommentar